Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Snart opning på sørsida

Måndag vart det søkt etter den sakna på land. Det vart søkt etter utslag på metalldetektor dagen før.

Snart opning på sørsida

Vegen på sørsida av Jølstravatnet har vore stengd sidan raset for to veker sidan. No ser det ut til at det kan gå mot i alle fall delvis opning av vegen om ikkje så lenge.

-Målet er å få den open for delvis ferdsel til skulestart kommande måndag, seier avdelingsdirektør i vegvesenet, Sven Egil Finden til NRK. Finden seier vidare at det fort kan gå to veker til før det er fri ferdsel på rasstaden.

Det ligg an til at vegen på rasstaden kan bli opna for delvis ferdsel kommande måndag.