Home   >   Nyhende   >   Snart meir vanleg med hyttefelt enn med frittståande hytter

Illustrasjonsfoto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Snart meir vanleg med hyttefelt enn med frittståande hytter

Tre av fire nye hytter i 2016 og 2017 vart bygde i hyttefelt. Snart vil over halvparten av norske hytter og fritidsbygg vere i tettbygde område.

Framleis er dei einskildståande bygga så vidt i fleirtal, 51 prosent, men trenden går mot auka fortetting, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I 2016 og 2017 vart det oppført nesten 10.000 nye fritidsbygg. Over tre firedelar av desse vart oppførte i det som blir omtalt som tettbygde fritidsbyggområde, noko SSB definerer som ei samling med minst fem fritidsbygg, der avstanden mellom bygga ikkje overstig 75 meter.

Oppføring av nye hytter i 2017 har vore størst i område med 50 eller fleire bygg. Samtidig har delen nybygg i felt med mellom fem og 24 bygningar falle noko.

Oppland og Buskerud er dei to fylka med flest hytter og fritidsbygg. I desse to fylka ligg mellom anna kjende hytteområde som Valdres, Hemsedal, Geilo, Hafjell og Norefjell.

Finnmark er fylket med flest einskildståande fritidsbygningar. Her er heile 87 prosent av hyttene utanfor tettbygde fritidsbyggområde.

Totalt er det omtrent 464.000 hytter og andre fritidsbygg i Noreg. (©NPK)