Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Smitteekspert meiner ope kontorlandskap er høgrisiko

Tidlegare smittevernoverlege Bjørg Marit Andersen meiner ope kontorlandskap er høgrisiko for smittespreiing. – Ope kontorlandskap er ikkje løysinga for framtida.


Bjørg Marit Andersen var tidlegare smittevernoverlege ved Oslo universitetssjukehus Ullevål, no seier ho koronapandemien må få konsekvensar for korleis ein lagar kontorbygg i framtida, skriv Khrono.


– Er ikkje løysinga

– Kontor med ope landskap er ikkje løysinga for framtida når vi ser korleis koronaviruset har spreidd seg. Pandemien må få konsekvensar for korleis kontorbygg og arbeidsplassar blir sett opp, seier professoren i smittevern til Khrono.


Ho meiner ein då legg til rette for det som vil vere sonar med høgrisiko for smittespreiing.


Andersen får noko støtte frå smittevernoverlege i Oslo, Tore Steen, sjølv om han ikkje har hatt kontorlandskap øvst på agendaen dei siste vekene. Han meiner at med ein-meter-regelen oppnår ein det same. Men ser likevel utfordringar ved ope kontorlandskap.



Forskjellar

– Det er nokre forskjellar. Min observasjon at folk i ope kontorlandskap ofte blir ståande tett saman om den eine går bort til den andre, også for å kunne snakke lågt og forstyrre tredjepersonar minst mogleg. Når nokon derimot kjem til meg, som har cellekontor, for å diskutere noko, blir dei ofte ståande i døra, medan eg sit eit par meter unna dei, seier Steen til Khrono.


Han peikar også på at kontor utan faste plassar kan skape utfordringar.


– Om ein har sjukdommar som kan smitte ved såkalla indirekte kontaktsmitte, og det kan dei fleste, inkl. koronavirus, altså via smittestoff som sit igjen på bord og stolar mv., er det viktig med reinhald mellom kvar brukar. Det er kanskje ikkje alltid så lett å ha gode system for dette, trekker Steen fram.


(©NPK)