Etter 15 år er det slutt på pubdrift for Arna og Kåre Fossheim- Dansegallaen på Skei, var i mange år eit viktig arrangement som Fjøsen sto bak.

Slutt for "Fjøsen" på Skei

- Det er ei tid for alt, seier Kåre Fossheim. Etter 15 år gir han og kona, Arna Fugle Fossheim, seg med drifta av Fjøsen Pub på Skei.



- Vi er leie, rett og slett, det er ikkje noko meir dramatikk enn det, seier Fossheim som tykkjer det blir litt vemodig å slutte etter så mange år, med det han kallar mykje moro

Alderen krev sitt

- Vi har passert middagshøgda og vi har blitt besteforeldre . Då er det slik at vi ønskjer å bruke helgane på andre ting enn dette, seier Fossheim som no vil prøve å selje puben til nokon som kan og vil drive vidare.

- Det går an å få dette til å gå for dei som vil prøve seg, meiner Fossheim som reknar med at kjøparar vil melde seg etter kvart.

Dørene er stengde

Kåre Fossheim har bestemt seg for at han ikkje kjem til å opne dørene meir, heller ikkje under Din Jølsterdag kommande helg.

- Nei det er slutt for vår del, men eg håpar og trur at arrangementa vi har hatt har vore med på å sette Jølster på kartet, seier Fossheim som då sjølvsagt tenkjer på dansegallaen som Fjøsen har arrangert i mange år.

- Når det no er slutt vil eg takke publikum som har vore grunnen til at vi har kunne drive dette. Vi vil også takke alle som gjennom åra har hjelpt til for å få det til å gå, avsluttar Fossheim som håpar nokon vil ta over og drive puben vidare.

- Det er ei tid for alt, seier Kåre Fossheim. Han og kona, Arna, er besteforeldre og vil no bruke helgane til andre ting enn pubdrift.