Heim   >   Nyhende   >   «Slo opp» med Nav då han fekk jobb – fekk svar på rim

«Slo opp» med Nav då han fekk jobb – fekk svar på rim

Då Kristian Danielsen fekk seg jobb, gjorde han slutt på det eittårige forholdet sitt med Nav i ei humoristisk melding. Han fekk kjærleg svar tilbake på rim.

– Eg fann ut at i staden for å berre seie «ha det», så prøvde eg heller å gjere det litt artig. Det er ikkje nødvendig å vere hestkuk heile tida, seier Kristian Danielsen til Avisa Nordland.

«Jeg har i lengre tid følt at vi ha vokst fra hverandre, alt har blitt kjedelig rutine og følelsesløst», skreiv han til Nav i den klisjéfylte meldinga han avslutta med å forsikre at det ikkje var Nav det er noko gale med, men at «det er meg».

Nav viste stor forståing i svaret på rim, om rytmisk uttrykk kanskje svikta noko:

«Der ser du; det pleier ordne seg

Og skulle verden igjen bli ugrei

Så vil vi alltid være her for deg»

(©NPK)