Ordførar Oddmund Klakegg sprinta inn til «snorklipping» då Jølser idrettslag inviterte til opinig av nye Skei stadion søndag. Den nye løpebana er sentral i eit stadion som også elles har fått seg eit kjempeløft.

Slik opnar dei løpebaner i Jølster

Med 60 meter ordførarløp vart nye Skei stadion opna med smil søndag. Etter fleire tiår der banetilhøva aldri tillet det, kunne Jølster Idrettslag igjen invitere til friidrettsstemne, og det gjorde dei med heilt ny løpebane og eit oppussa anlegg.

Arrangørane hadde invitert ordførar Oddmund Klakegg til å stå for den høgtidlege opninga av nyanlegget, men klokeleg latt vere å fortelje korleis det skulle gjerast. Han tok utfordringa om å ta ein 60 meter på strak arm, og var nøgd med resultatet.

– Det er vel første og einaste gongen eg kjem først over målstreken, sa Klakegg etter sprinten. Like nøgd var han med det nye anlegget.

– Det er utruleg kjekt at vi no endeleg har fått eit fullverdig og skikkeleg friidrettsstadion på Jølster. Og når vi får hallen og klatreanlegget på plass får vi eit komplett og kompakt anlegg her, seier han.

 

Opna med friidrettstemne

Nye Skei stadion opna som seg hør og bør ved å invitere til nasjonalt friidrettsstemne, og mange lag og deltakarar hadde funne vegen. To av dei var Talina Flatjord Sunde og Isabella Cardenes Fugle, begge frå Skei og Jølster IL. Dei sprang i første heat, og syntest det var stas å få ny løpebane.

– Det er betre å springe på denne enn den gamle, betre demping og det er bra, seier Isabella. Begge har lyst å bruke bana, og trur at det vert fint å trene framover.

For friidrettslaget var det opplagt at dei skulle opne med eit stemne.

– Vi har heile tida tenkt at vi skulle ta denne markeringa i samband med eit stemne, det var liksom heilt naturleg, seier primus motor for opprustinga Jan Sunde. For han markerer opninga samtidig slutten på sju år arbeid med planararbeid, og to år kontinuerleg arbeid på stadion, berre avbrote av vinteren.

– Frå eg kom heim frå ferie sommaren 2017, har eg vel stort sett vore her oppe kvar helg fram til denne helga her, fortel han. Kva han no skal bruke helgane til har han ikkje fått tenkt på enno.



Trur på betre rekruttering

Leiar i friidrettsgruppa, Johnny Solheimsnes, er glad for at anlegget omsider står ferdig.

– Dette er heilt fantastisk. Vi har mangla bane og fasilitetar heile tida, og sett litt opp til dei laga som har fått det til rundt oss. Men vi har fått fram ein del gode utøvarar, kanskje meir på trass av enn på grunn av at vi har hatt anlegg. No ser vi lyst på det. Vi har ein veldig god gjeng på gang som byrjar vise att på dei lokale stafettane, so eg håper dette kan bygge på seg, seier han.

– No har vi også kome i gang med treningar for born og unge, noko vi ikkje har hatt fast tidlegare, og slik her er no er det kjekt å kome opp hit og vere, og det trur eg vil vise att i interessa, meiner Solheimsnes.

Det har vore mange hender involvert i arbeidet. Les meir om arbeidet på fram mot opninga. Klart for opning av Skei stadion.

 

Primus motor for oppussing av anlegget, Jan Sunde, og leiar i friidrettsgruppa Johnny Solheimsnes vart først ut på den heilt nye premiepallen på Skei stadion.