Home   >   Nyhende   >   Slår 71 år gammal rekord

Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien/NTB scanpix/NPK.

Slår 71 år gammal rekord

To stadar i Buskerud har slått ein 71 år gammal rekord, og har hatt 65 høgsommardagar så langt i år. Førre rekord var på 62 dagar.

Høgsommar betyr at gradestokken viser 25 grader eller meir på minst eitt tidspunkt i løpet av døgnet, og det har skjedd 65 dagar så langt i Drammen. Førre gong talet var så høgt var på Blindern i 1947.

Det er ikkje berre Drammen som dankar ut den 71 år gamle rekorden, Sigdal i Buskerud har hatt 64 høgsommardagar denne sommaren. Fem plassar i Buskerud har hatt over 60 dagar med høgsommar.

Blindern, tidlegare rekordhaldar, har så langt 59 dagar med 25 grader. (©NPK)