– Rekruttering må til for å oppretthalde eit korpstilbod i kommunen. No opnar vi for at vaksne kan vere med i korpset, seier Trond Haugen i Sandane skulekorps.

Skulekorpset går nye vegar

Sandane skulekorps går nye vegar for å prøve å auke medlemstalet. 



– Det er mange vaksne i kommunen som har spelt eit korpsinstrument tidligare, men terskelen for å spele i janitsjaren er høg. No ønskjer vi å prøve ut noko nytt. Finst det nokon som har lyst å ta opp att gamle spelekunster, eller som har lyst til å spele i lag med andre og gjerne lære i lag med eigne born? Då tilbyr vi både vaksne og born å vere med i skulekorpset, seier Trond Haugen i Sandane skulekorps.

– Avhengige av alle

Tidlegare var det kanskje enklare for born og unge å vere allsidige og ha ulike fritidsinteresser. I ein hektisk kvardag kan det vere vanskeleg å få logistikken til å gå opp.

– Det fine med musikk og korps er at det her er plass til både gutar og jenter i alle aldrar. Vi har ingen reservebenk, men er avhengige av alle for å få eit best mogleg resultat. No har born og vaksne i kommunen ein unik sjanse til å få ei felles fritidsinteresse som ein kan ha glede av så lenge ein lever. Vi håpar at mange vaksne kan tenkje seg å vere med, seier Haugen.

Slutt for korps i skulen

Dei siste åra har elevar i 4. klasse ved Breim, Sandane og Nordstranda skular fått tilbod om korps i skulen. Her er tanken at elevane skal få lære å spele eit instrument i musikktimane gjennom eit heilt år, og at det er mogleg å vere med vidare som aspirant i korpset etter dette opplæringsåret.

– Denne satsinga har dessverre ikkje gjeve god nok avkastning med tanke på rekruttering, og årets 4. klassingar er truleg dei siste som får dette tilbodet, fortel han.

Korpskafé

Komande søndag inviterer Sandane skulekorps til korpskafé i GU-salen på Gloppen ungdomsskule saman med Breim skulekorps og Gloppen Janitsjar.

– Publikum vil få høyre skulekorpsa og janitsjaren spele og i tillegg oppleve drilltroppen vår. Vi håpar mange vil ta turen, slår Haugen fast.