Freddy André Øvstegård (SV) meiner regjeringa ofrar breiddekultur og frivillig arbeid når dei fordeler overskotet frå Norsk Tipping. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix/NPK.

Skuldar regjeringa for å ofre breiddekulturen





SV meiner regjeringa ofrar breidda i frivillig kultur og frivillig arbeid når dei fordeler overskotet frå Norsk Tipping.


– Kulturminister Trine Skei Grande skryt gjerne av den frivillige kulturen, men er ikkje villig til å finansiere den. Alle dei nye formåla som er komme til, har ført til mindre pengar til den breidda i frivillig kultur og den lokale grunnmuren, seier kulturpolitisk talsperson Freddy André Øvstegård i SV til Klassekampen.


– Det verste eksempelet er gåveforsterkingsordninga til regjeringa, som i seg sjølv er ei veldig tvilsam ordning kor staten gir pengegåver til det private næringslivet, seier Øvstegård.


I år fekk gåveforsterkingsordninga 70 av totalt 805 millionar tippekroner som gjekk til kulturformål.


I 2018 enda Norsk Tipping med eit årsresultat på 5,5 milliardar kroner, det største overskotet nokosinne i historia til selskapet. Overskotet blir fordelt etter den såkalla tippenøkkelen mellom idrett, kultur og samfunnsnyttige organisasjonar.


(©NPK)