Home   >   Nyhende   >   Skuffelse i Widerøe – vurderer rutekutt

Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Skuffelse i Widerøe – vurderer rutekutt

Flyselskapet Widerøe er misnøgd med den foreslåtte reduksjonen i flypassasjeravgifta og varslar rutekutt.

Kutta omfattar både redusert tal på avgangar og ruter som kan bli heilt kutta ut.

– Widerøe har lese statsbudsjettet og må konstatere at trass i at flypassasjeravgifta blir differensiert noko, er dette langt frå tilstrekkeleg til å sikre dei nødvendige rammevilkåra for ei vidare utvikling av det kommersielle kortbanenettet i Distrikts-Noreg, opplyser Widerøe i ei pressemelding.

Den omstridde avgifta vart vedtatt av Stortinget i desember 2015 og innført frå 1. juni 2016. Avgifta er sidan auka frå 80 kroner pluss moms ved innføringa, til 83 kroner for kvar reise. I forslaget til statsbudsjett for 2019 går regjeringa inn for å redusere avgifta på reiser i Noreg og Europa til 75 kroner, mens den blir foreslått auka på reiser utanfor Europa til 200 kroner.

– Vi håpa at forståinga for denne viktige kollektivtrafikken i Distrikts-Noreg hadde auka og at det skulle skapast betre føresetnader for ei styrking av tilbodet. Dette vil dessverre få konsekvensar for det flytilbodet Widerøe er i stand til å levere, fastslår Widerøe.

Selskapet vil derfor undersøkje nærmare kvar det kan kuttast.

– Vi vil no gå gjennom vårt tilbod og vurdere kva ruter som må reduserast og kva destinasjonar som vil bli kutta frå Widerøe-kartet. Widerøe vil kome tilbake til dette så snart det er klart. Dette vil sannsynlegvis ta nokre veker, opplyser Widerøe. (©NPK)