Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Bil teken av snøskred i Våtedalen

Foto: Kai Helge Aalhus.

Bil teken av snøskred i Våtedalen

Eit snøskred har gått over E39 i Våtedalen.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.20 og opplyser at skredet er 150 meter breitt og kring 5 meter høgt.
Ein bil blei teken av delar av raset. Førar, ein mann i 40-åra, var åleine i bilen. Han har kome seg ut og framstår som ok, men klagar på smerter i rygg. Han blir tilsett av ambulansepersonell. 
Naudetatane er på plass.
Klokka 18.20 opplyser politiet på Twitter at luftambulanse har søkt over området. Det er ikkje sett teikn til at andre bilar/personar er i raset. E39 er sperra i sør på Klakegg. Tilsvarende sperring er gjort nord for rasområdet. Per no er det sett på som ikkje sikkert nok å gjennomføre søk i rasområdet.
Har du bilete frå raset? Send dei til oss på redaksjon@firdatidend.no