Med snøen som er kommen vil det nok bli yrande liv i Jølster Skisenter som dette arkivfotoet frå 2015 syner.

Skisenteret er endeleg i gang

Det har kome ein meter snø på få dagar i Jølster skisenter. Det betyr Mykje folk og god stemning i bakken



Snøen som har lava ned i det siste, har skapt problem for bilistane, men betyr pengar i kassa for andre. Jølster Skisenter gler seg over snøen.

Endeleg opning

I Skisentera rundt om har det vore fint lite aktivitet så langt, men no har ting endra seg. Jølster skisenter er mellom dei som har venta på snøen, sjølv om dei har hatt litt ope og til tider har hatt alpinistar på trening i anlegget.
Full fart
Tysdag denne veka opna dei anlegget for normal trafikk, og med stadig påfyll av nysnø gjennom veka, er utsiktene lyse for drifta framover.
– No har vi to trakkemaskiner i sving i nedre del av anlegget og øvre del er klar. Til helga håpar vi å få i gang Bjørkeliheisen og då er heile anlegget i drift. Dermed kan folk parkere nede ved målområdet og slepp å køyre opp til øvre parkering på Kvamsstøylen, fortalde dagleg leiar Even Hole då vi snakka med han onsdag.

Godt med snø
– Vi har fått godt med snø no, så her er det berre velstand. Så snart vi kjem over 300 m har vi nok fått ein meter sidan natt til søndag, så her har vore stor aktivitet med trakking. Det gjeld å trakke ned laussnøen før vinden reiser med han, fortelde Hole som også kunne melde om stor stemning då anlegget opna for vanleg trafikk tysdag kveld.
– Vi selde heiskort for 35.000 på tre timar, og i tillegg var her mange som hadde kjøpt sesongkort tidlegare. Det var tendensar til kø og øvre parkering var så godt som full. Folk tykte det var kjekt å komme i gang og stemninga var god.
– Det viktigaste for oss er å ikkje opne med falske nyhende, men å fortelje kundane akkurat slik det er når det gjeld snøforholda. Difor laga eg i går ein plakat på nettsida vår der eg teikna inn kva som var preppa og klart, og kva som var stengt. Dermed visste folk kva dei kom til.

Junior-NM
I mars skal Jølster Skisenter vere vertskap for junior-NM i Alpint. Eit stort arrangement som krev mykje førebuing og ikkje minst snø. Det er meldt både snø og kulde framover, så det er så langt gode utsikter for eit slikt arrangement.
– Vi har no relativt god tid på oss, men det er mykje som skal på plass, seier Hole som sjølvsagt nemner Jølster sin stjernealpinist, Andreas Strand som har fire pallplassar i FIS-renn etter nyttår, to av dei på øvste trinn, etter konkurransar i Noreg og Sverige.
– Her frå fylket er han ein av veldig få, som er kommen så høgt på rankinga til FIS, kanskje den tredje. No har han under 20 punktar og det er uhyre sterkt, seier Hole som nok vil få sjå Strand i sving i skisenteret under NM.

 

Andreas Strand frå Jølster gjer det skarpt i slalombakken for tida og klatrar på Fis-rankinga.