Heim   >   Nyhende   >   Skipar til laurdagskafé

Skipar til laurdagskafé

Sandane skulekorps arrangerer laurdagskafé i andre etasje på Coop Extra laurdag.

– Her vil vi selje skillingsbollar, muffins, kaffi og kaker. I tillegg legg vi opp til ein del aktivitetar. Det blir mjølkespannhalding og erteposekasting. I samband med Valentinsdagen og morsdagen kan publikum få vere med å lage fine kort, seier leiar i skulekorpset, Janne Øysang Grinaker, og legg til at det også er landsbylaurdag denne dagen med ulike aktivitetar i sentrum.

– Vi håpar laurdagskaféen vil gje skulekorpset litt inntekter. Skulekorpset kjem ikkje til å opptre denne dagen, men vi tykkjer det er viktig å vere synlege på ulike arenaer, seier ho,