Skipa til julebasar for første gong

Peparkaker, varm gløgg, åresal og hyggjeleg prat kring borda. Fredag kveld var det skikkeleg basarstemning då det vart skipa til julebasar på Gloppen omsorgssenter for aller første gong.



Det er gjerne ikkje så lett for dei som bur på omsorgssenteret å delta på ulike arrangement kring i bygda, og då er det gull verdt å ha tilsette som legg til rette for hyggjelege samkome i kaféen.

– Var litt spente
Fredag kveld arrangerte dei tilsette julebasar for aller første gong, og både pasientar, pårørande, naboar og andre interesserte var velkomne.
– Vi har leika med tanken ein stund, men planlegginga har ikkje pågått så lenge. Vi heiv oss litt rundt. Det er mange basarar kring i kommunen, men det er ikkje så lett for dei som bur her å delta på desse. Difor fann vi ut at vi ville køyre ein basar på huset og skape litt basarstemning. Basar er noko pasientane våre er vane med, fortel Cecilie Majchrowicz Helgheim, einingsleiar ved Oreteigen på omsorgssenteret.
– For ein god idé!
– Vi tykkjer det sjølve også, men vi har vore litt spente. Vi håpte på god oppslutning slik at dei som bur her fekk kjenne på den gode stemninga, seier ho, og gler seg over at så mange fann vegen til omsorgssenteret denne kvelden.

Vil arrangere konsertar
Vinstar til basaren var det ikkje vanskeleg å få tak i.
– Vi har fått så mykje fint, både frå private, tilsette og næringsdrivande. Målet med basaren er å skaffe inntekter til fellesskapet på huset. Vi håpar at vi kan arrangere nokre konsertar og lage til noko kjekt for pasientane, peikar ho på.
Ordførar Leidulf Gloppestad stilte opp og hjelpte til med loddtrekkinga.
– Han ringde ein dag og spurte om vi skulle finne på noko. Spontant spurte eg om han kunne tenkje seg å vere med på basaren vår. Han hadde eigentleg tenkt å kome på besøk med mandarinar og peparkaker, men takka sporty ja til å hjelpe til denne kvelden, smiler Helgheim.
Ho tykkjer det er stas at ordføraren vart med.
– Det er kjekt for dei eldre å føle at dei blir inkluderte. Dei tykkjer det er kjekt at han kjem på besøk på omsorgssenteret, seier ho.



Fekk hjelp av GHK
Fire blide karar frå Gloppen Handballklubb var også med som medhjelparar. Dei tok seg av åresalet og leverte ut vinstane.
– Eg var i Trivselshallen for å sjå herrelaget spele mot Åsane laurdag. Viss GHK tapte denne kampen, ville dei trekkje ut ein vinnar som skulle få litt vaskehjelp no før jul. Det vart tap, og vinnarloddet hadde eg. Men det var mykje betre for meg at dei kom hit og hjelpte til på basaren enn at dei tok seg av julevasken heime. Vaske klarer eg å gjere sjølv, smiler ho.
Magnus Ødven tykte det var triveleg å hjelpe til på basar.
– Eg føretrekkjer dette framfor å vaske. Så langt har det vore ein kjekk kveld, seier han, og legg til at han ikkje er så ofte på omsorgssenteret.
– Då eg spelte i Sandane skulekorps, arrangerte vi julekonsert her i adventstida kvart einaste år, fortel han.

Cecilie M. Helgheim ønskte seg basarhjelp framfor vaskehjelp. Frå venstre: Kjell Runar Horvli, Magnus Ødven, Øyvind F. Vraalsen og Paul Remi Kvandal.