Meierisjef Thorkild Heieren, konsernstyremedlem Jeffrey Thomas og rådgjevar Jo Helge Sunde er urolege for utviklinga til meieriet på Byrkjelo om ikkje bøndene i vårt fylke aukar produksjonen av sommarmjølk.

– Skeiv mjølkekurve er utfordrande for Tine Byrkjelo

Altfor mange mjølkeprodusentar i Sogn og Fjordane tek sommarferie saman med Dagros. – Det er svært utfordrande for meieriet på Byrkjelo, seier meierisjef Thorkild Heieren.


Det vert produsert for lite mjølk om sommaren. Det gjeld heile landet, men Sogn og Fjordane er verstingen. Det er eit problem for Tine som må dimensjonere mottaksapparatet for å ta unna toppane. Ein av konsekvensane er at mange anlegg går med redusert drift eller står heilt i ro om sommaren.

Alvorleg

Jeffrey Thomas er  ein av fire tilsetterepresentantar i konsernstyret i Tine.

– Styret ser svært alvorleg på situasjonen. Vi må få ei jamnare mjølkekurve, særleg i vårt fylke, slår han fast. Tine aukar no sommartillegget med ytterlegare 10 øre pr. liter for sommarmånadene med tilsvarande trekk i vintermånadene.

– Ideelt sett burde 25 prosent av det totale mjølkevolumet i Noreg vore produsert i kvart kvartal, men slik er det ikkje. På landsbasis vert 22,3 prosent produsert i tredje kvartal (juli, august og september), men berre 15,6 prosent i vårt fylke, seier Jo Helge Sunde. I tillegg til å vereleiar for Storfeprosjektet Vestland skal han no leie eit pilotprosjekt som omfattar produsentlaga i Jølster, Gloppen og Eid & Bremanger. Målet er å snu ein meir enn 40 år gammal tradisjon med lite sommarmjølk gjennom møte med produsentlaga og individuell rådgjeving.

– Eit anna mål er at erfaringane våre kan kanskje også nyttast i resten av landet, seier Sunde.

Byrkjelo utsett

Han forklarer at lite sommarmjølk m.a. er knytt til naturgjevne forhold der kyrne vert sina og sende på utmarksbeite. Beiting i utmark er utan tvil ein ressurs for mange. I tillegg er det kultur for å gjere det slik.

– Å nytte utmark er positivt, men tidlegare fanst det ventilar, t.d. reguleringseksport av ost når mjølkeproduksjonen var på topp. Det får vi ikkje lov til lenger. No må vi vere mykje meir tilpassa den norske marknaden, vere meir økonomiske og fokuserte på å redusere kostnadene, seier Thorkild Heieren. Derfor vert den skeive mjølkekurva endå meir krevjande i vårt fylke. Det gjer Tine Byrkjelo svært utsett.

– Vi er det anlegget med størst variasjon i mjølkemottaket, peikar han på. I løpet av ei veke i august produserer anlegget på Byrkjelo ikkje meir enn på to døgn i januar.

Merkevaren Norvegia

Heieren er særleg uroa for merkevaren Norvegia som Byrkjelo er ein av hovudprodusentane av.

– Vi må produsere mykje ost når det er rikeleg med mjølk, mens forbruket er jamt heile året. Normalt skal kvitosten mognast i 10-15 veker før han vert sendt på marknaden, men i periodar kan det gå over 25 veker når det er lite sommarmjølk, seier Heieren og er uroleg for at kvalitet og smak kan endre seg.

–  Det har ikkje vore kvalitetsendringar til no, og vi prøver å avvikle feriar og gjennomføre tilpassingar slik at vi så langt har unngått permitteringar, men det vert stadig meir utfordrande å få det til å gå i hop, seier Heieren. Han opplyser at ei flatare mjølkekurve har eit innsparingspotensial for Byrkjelo sin del på om lag 15 mill. kroner årleg. Det utgjer  12-13 øre pr mjølkeliter.

Miste produksjon

– Vi er rett og slett nøydde til å auke produksjonen av sommarmjølk dersom vi skal greie å ta vare på vår relative del av produksjonen i Noreg. Slik det er no, er det overproduksjon av kvitost. Den skeive mjølkekurva er ein trussel for Tine Byrkjelo, i alle fall om vi skal oppretthalde dagens driftsnivå, seier Heieren, Thomas og Sunde.

– Dersom ikkje vi tek tak i det, vil andre ta over vår produksjon, seier dei.

Jo Helge Sunde ser at fleire av dei som nyleg har investert i lausdriftsfjøs med mjølkerobot for 15-35 kyr dessverre vidarefører tradisjonen med haustkalving.

– Dette er ei utfordring, seier han.