Skei skule kan på nytt komme i spel

Ein E-post til dei tilsette ved skulane i Jølster, vil skape bølgjer etter kvart som innhaldet blir kjent. Det handlar om budsjettarbeid og det handlar om å finne innsparingar i budsjett og økonomiplan.



I siste kommunevalkamp var det ei sak som fram for nokon annan prega valkampen og debatten i Jølster. Ei arbeidsgruppe som skulle sjå på skulestrukturen i Jølster kom i eitt av alternativa med framlegg om å slå saman skulane, i alle fall ungdomsskulesteget, og samle alt på Vassenden.

Skulen kan på nytt vere i spel

I formannskapsmøtet 18. oktober vart det under handsaming av økonomiplanen gjort følgjande vedtak:


  1. Vi ber administrajonen utarbeide eit grunnlag for budsjett og økonomiplan der ein gjennom vurdering av tal stillingsheimlar, kalibrerer tenestenivå og tenesteproduksjon i høve medianen i den nye Sunnfjord kommune.

  2. Vi ber administrasjonen samanlikne følgjande med dei andre kommunane vi skal slå oss saman med, dirigent, kyrkje, kulturmidlar


3.Vi ber om administrasjonen vurdere betre utnytting av eigendomsmassen kommunen rår over, og mogeleg sal              av delar av denne. Lista over innsparingstiltak skal politikarane ha på bordet til neste formannskapsmøte, 8.        november.

I ein E-post frå dei to rektorane i Jølster går det fram at det som kjem fram i notatet frå administrasjonen vil vise ulike måtar for å ta ned kostnadene ved dei fleste tenestene i kommunen.

-I skuleverket ha vi fått i oppgåve å rekne ut innsparingar på dette:

  • Avslutte SFO- tilbodet i kommunen

  • Avslutte «Jølstermodellen» med tolærarsystem

  • Skulestruktur ved flytting av ungdomsskulesteg ved Skei skule til Vassenden skule

  • Skulestruktur med flytting av både og mellomsteg og ungdomsskulesteg ved Skei skule til Vassenden skule.


-Sidan dette kjem til å bli offentleg innan rimeleg kort tid, og truleg vil bli fanga opp av media, sender vi derfor ut ei fellesmelding til alle tilsette slik at de er kjende med situasjonen i forkant, skriv rektorane Annette Dale Natås og Anne Cecilie Kapstad.

Utfordrande

Dei skriv også  dette:

-Som leiarar opplever vi begge at det er utfordrande å sitje med desse nedskjeringane, der vi må legge fram ulike alternativ til å ta ned drifta. Vi har eit godt samarbeid mellom oss rektorane og står samla om arbeidet som vert lagt fram. Utrekningane vi har utført i vårt arbeid er basert på eksisterande tal og ressursmodellar for Jølster kommune. Korleis t.d. fag og timefordeling og ressursmodell vert i ny kommune er enno under arbeid.

Rådmann Ellen Jensen gjekk ved starten av kommunestyremøtet tysdag på talarstolen og beklaga at e-posten var send ut, og at den allereie hadde skapt uro. Ho la også vekt på at ingen ting er bestemt så tidleg i budsjettprosessen.