Arkivfoto frå ein tidlegare julemarknad.

Skaper julestemning på museet

Julemarknaden på Nordfjord Folkemuseum søndag byr på ølbrygging, lysstøyping, rømmegraut, hestekøyring og sal av ei rekkje lokale produkt.

– Det er mange som er interesserte i å vere med på julemarknaden, både av utstillarar og besøkande. I år kan folk mellom anna handle med seg smykke frå BergArt i Eid, spekemat og julemat frå bøndene i Kandal, lefser og flatbrød frå Vestrøna på Hestenesøyra eller sveipa produkt, heimelaga kort og mykje anna, fortel Anne Kristin Moe, avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum.

Søndag 2. desember er det også duka for fleire juleaktivitetar for store og små på museet. Med juleverkstad der ein lagar tradisjonell julepynt, hestekøyring, sauer i stallen, ølbrygging og sal av rømmegraut. Medlemmar frå Gloppen hardingfelelag inviterer også til ein liten konsert i Moritsstova.

– I år samarbeider vi også med husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane, som vil drive med nålefilting i skulehuset. Og felemakar Harald Kvandal opnar opp verkstaden sin, slik at nysgjerrige kan få sjå ferdige feler og feler under arbeid, fortel Moe.

Museet sine utstillingar om julehefte og tekstilarbeid – frå fiber til tråd, er også opne og moglege å besøke under julemarknaden.