Sveinung Rotevatn.

– Skal ikkje tape denne kampen

– Venstre og eg har jobba og vil framleis jobbe for bru her. Det er mogleg å få dette til som eit lokalt prosjekt, uavhengig av trasévalet for E39, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Tidlegare i veka kunne KrF-leiar Knut Arild Hareide fortelje at han vil arbeide for bru mellom Anda og Lote. No seier Venstre sin stortingsrepresentant i fjordfylket at partiet hans går for det same.

– Gav etter for overmakta

– Venstre var ein veldig tydeleg forkjempar for E39 etter midtre trasé. Det var ein stor politisk kamp som vi dessverre tapte, vi måtte gje etter for overmakta på Stortinget, beståande av Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet. Men eg har framleis tru på dette prosjektet. Neste kamp blir å drive det fram som eit sjølvstendig prosjekt, den kampen har eg ikkje tenkt å tape, seier Sveinung Rotevatn.

Gjennom viktige stortingsvedtak meiner han mykje er lagt til rette for at eit fast samband mellom Anda og Lote skal kunne realiserast:

– Ein kan no få ferjeavløysingsmidlar i opp til 40 år, noko som gjer det meir lønsamt å erstatte ferjer med bruer. Dette gjer finansieringsgrunnlaget mykje betre. I tillegg kan ein krevje bompengar over ein lenger periode. Med den store trafikken som er over fjorden, er det gode moglegheiter for brukarbetaling. Folk er vande til å betale for å reise med ferja, så eg trur dei ser verdien av å betale for ei bru òg.

– Kvalitetsaukande

Rotevatn viser vidare til at Stortinget gjennom Nasjonal Transportplan (NTP) har slått fast at det skal setjast i gang prosjekt med ny bruteknologi.

– Statens vegvesen har hatt sin måte å byggje bruer på, eg har oppfatta den som ganske dyr. Fleire aktørar meiner dei kan byggje billegare, særleg ved hjelp av flytebruteknologi. Når Stortinget har sagt at det skal opnast for forskings- og utviklingsprosjekt, bør Lote-Anda vere ein soleklar kandidat. Etter valet blir det ein viktig jobb for meg å drive gjennom dette som eit pilotprosjekt.

Frå 1. januar 2018 skal to ferjer på fast basis trafikkere det travle sambandet over Nordfjorden. Venstre-politikaren meiner dette ytterlegare vil auke sjansane for bru.

– Dette vil vere kvalitetsaukande for sambandet, og bidra til å styrkje denne traseen som ei viktig ferdsleåre. Trass i at det er vedteke at E39 skal følgje ein annan trasé, er det viktig ikkje å nedprioritere denne vegen – det er så mange som køyrer her, understrekar Rotevatn.

– Er realistisk

Stortinget har sett av éin milliard i Nasjonal Transportplan 2018-2029 til opprusting av Byrkjelo-Sandane.

– Midlane ligg inne først i andre planperiode, men ein komitémerknad gjer det mogleg å forskottere pengebruken for å utføre enkeltutbetringar som gjer det tryggare og raskare å køyre vegen. Dette vil gjere midtre trasé endå meir praktisk å bruke, seier eidaren og legg til at han meiner dei politiske grepa som så langt er gjorde, legg til rette for at ei bru mellom Gloppen og Eid kommunar ein dag blir realisert.

– Alfred Bjørlo meiner brua bør vere på plass i løpet av åtte til ti år. Kva tenkjer du om eit slikt tidsperspektiv?

– Eg er samd i at det er mogleg. Dette føreset at dei kommunale prosessane går i orden, at ein får tilslag på ferjeavløysingsmidlar, at ein får aksept for innkrevjing av bompengar og at ein får politisk godkjenning for at dette skal vere eit teknologiutvekslingsprosjekt. Får ein til alt dette, er det berre tida og vegen. Då er åtte til ti år realistisk.