Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Skal gjere eldre meir medvitne om alkoholvanar

Mange eldre veit ikkje at dei ikkje toler alkohol like godt som før og kva medisinar dei bør unngå saman med alkohol. Det skal ein ny kampanje vere med å rette på.


Kampanjen er sett saman av tre korte filmar som i tida framover mellom anna vil bli vist på legekontor rundt om i landet og på sosiale media.


Det er også laga ei eiga nettside til kampanjen. Ved å logge seg inn på Mestrerus.no kan folk både få hjelp til å finne ut kva alkoholnivå som ikkje er øydeleggjande for helsa, råd for å drikke mindre og tips til kva dei kan gjere dersom alkoholforbruket er for høgt.


Målet er at informasjonen skal føra til at alkoholforbruket hos eldre går ned og redusere helseproblema og kostnadane dette medfører for samfunnet.


Kampanjen er eit samarbeid mellom Nasjonal kompetanseteneste Aldring og Helse og Nasjonal kompetanseteneste TSB.


Målgruppa for kampanjen er personar frå 60 år og oppover. (©NPK)