Heim   >   Nyhende   >   Skal gi effektive og miljøvenlege hamner

Dronebilde av Bergen hamn. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

Skal gi effektive og miljøvenlege hamner

Kystverket gir tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner. Den nye ordninga skal gjera sjøtransporten meir konkurransedyktig.

I statsbudsjettet for i år er det sett av 50 millionar kroner til ordninga, som skal gjera logistikkjeda meir effektiv ved å gjere endringar i hamnene.

Tilskotet kan brukast til å investere i hamna, i tilkomsten til hamna og til mudring. Tilskotet kan ikkje brukast til til dømes nye kraner eller bygningar, heiter det i ei pressemelding.

– Vi i Kystverket er spente på korleis ordninga blir tatt i mot hjå hamnene. Håpet er at ordninga vil munna ut i gode prosjekt med varige resultat, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Fristen for å søkje er 2. juni og prosjekta må vera ferdige innan 30. november i år. Kystverket vedgår at det i år er svært korte fristar, noko som stiller høge krav til prosjekta.