Heim   >   Fylket   >   Sjur og Sofia kan bli årets artist i fylket

Sjur Kristian Gimmestad frå Sandane er mellom dei nominerte til Luttprisen 2018.

Sjur og Sofia kan bli årets artist i fylket

Når Luttprisen, årets artist frå Sogn og Fjordane 2018, vert delt ut på Larris Scene i Førde laurdag 19. januar, står nokre av dei beste av artistane frå fylket på scena.

– For ein fest dette kjem til å bli. Dette blir ein dag alle som elskar musikk frå Sogn og Fjordane kan glede seg til. Det seier prosjektleiar for konserten, Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Unikt samarbeid

Luttprisen er ein stor gallakonsert for å feire det siste musikkåret. Det er Sogn og Fjordane sitt svar på Spellemannsprisen og P3Gull. I tillegg til at det vert prisutdeling, står nokre av dei beste artistane frå fylket på scena under showet. I år kjem blant anna Thea Hjelmeland frå Førde. Ho har hatt fantastisk suksess med albumet sitt Kulla.

SJUR frå Gloppen har også hatt stor suksess saman med den finske stjerna Isac Elliot, og er på Spotify spelt over fantastiske 150 millionar gongar. Han har under Luttprisen med seg dei to unge suksessfulle talenta SOFIA frå Gloppen og Aleks Grey frå Nordfjordeid på scena. Dei skal for aller første gong gjere musikk saman.

– Det å skape unike opplevingar er noko av det finaste eg veit. Så det å putte tre så talentfulle musikarar saman for første gong, det kan berre bli gull, seier Sjursen Takle.

Sofia Hyttedalen.

Veteranar og unge talent

Odd-Erik Lothe er blant dei meir erfarne på Luttscena den 19. januar. Han har i 2018 oppsummert ein lang og flott karriere med samleplata «Songar.»  Til Luttprisen kjem han også med splitter ny musikk.

Line Dybedal frå Selje er for tida spelelista i NRKP1 med låta «Bli med Heim» frå NRK-serien med same namn. Ho kjem til Luttprisen for å framføre låta si saman med Karoline som syng den i TV-serien. Dessutan kjem det unge talentet Frida Hunshammer frå Årdal til å gjere to av sine låtar. Ho vart kjent gjennom TV2-programmet «The Voice», men har no gjeve ut spennande sjølvslaga musikk.

Klart for overraskingar
Programleiar for showet er i år som i fjor, NRK sin eigen Ronny Brede Aase. Han leiar showet med sitt lune og friske humør, og du kan truleg vente deg fleire spennande overraskingar i løpet av showet.

Røyst på din favoritt

Dei nominerte til Luttprisen er Sjur, Aleksander Pavelich, Eva Weel Skram, Thea Hjelmeland, Aleks Grey, Sofia Hyttedalen, Karl Seglem, Odd-Erik Lothe, Ketil Thorbjørnsen, Elida Høgalmen, Mona-Jill Gand og Vreid.

På NRK Sogn og Fjordane sine nettsider kan du fram til 13. januar røyste på din favoritt. Luttprisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Det vert også delt ut eit furorestipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane til eit musikktalent under showet.

Ny musikkfestival

Luttprisen er ein del av den store Blestfestivalen, med mange spennande nye artistar på scenene på Scandic Sunnfjord hotell heile helga.

– Blestfestivalen er Sogn og Fjordane sin eigen «Bylarm». På denne festivalen får du sjå og høyre dei mest aktuelle og etablerte artistane frå fylket samtidig som du er den første til å få med deg den neste Thea Hjelmeland eller den neste Kjartan Lauritzen. Det er fantastisk kjekt å få lov å vise fram alle dei nye og spennande artistane frå Sogn og Fjordane, seier prosjektleiar i Brak, Elise Hessevik.

 

Direkte på radio

Luttprisen vert arrangert i eit samarbeid mellom Brak, NRK Sogn og Fjordane, OnCue, Scandic Sunnfjord Hotell, Sparebanken  Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane.  Prisshowet vert sendt direkte på radio i NRK Sogn og Fjordane frå Larris Scene laurdag 19. januar klokka 20. I tillegg vert det forspill og ettershow i sosiale medier både før og etter prisutdelinga.