Home   >   Nyhende   >   Sjumålsthriller i Balestrand

Jonas Denk. Arkivfoto.

Sjumålsthriller i Balestrand

STIL slo Balestrand 4-3 etter å ha lege under 3-2 eit kvarter før slutt på Kreklingen stadion i Balestrand søndag ettermiddag. 

Botnlaget frå Sogn gav dei opprykksjagande frå Sandane overraskande sterk motstand, men dei blåkledde tok føringa 2-0 etter scoringar av Jonas Denk og Filip Pleym Mardal. Balestrand reduserte ein gong før pause.

Etter pause scora heimelaget to gongar til, før Jonas Denk utlikna på straffe. William Landøy blei matchvinnar med scoringa si drygt ti minutt før slutt.

Med sigeren kraup Sandane opp i ryggen på Høyang på den siste opprykksplassen. Laget frå industribygda står med 36 poeng og STIL med 34 når fem kampar står att av 2018-sesongen.