Heim   >   Nyhende   >   Sjøaure er sårbar for lakselus

Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Sjøaure er sårbar for lakselus

Ei ekspertgruppe konkluderer med at auren er svært sårbar for lakselus.

Ei ekspertgruppe for vurdering av lakseluspåverknad på laksefisk har summert opp kunnskapen om kva konsekvensar lakselus frå oppdrettsanlegg har for sjøaurebestanden. Dei ser på sjøaure som svært sårbar for lakselus, skriv Havforskingsinstituttet på heimesida si.

Sjøauren som har vorte utsett for lakselus, kan hindre dei negative effektane dersom dei oppsøkjer ferskvatn tidlegare, men det kan igjen gå utover tilvekst og reproduksjon.

Førebels har ekspertgruppa for lite kunnskap til å lage ein risikomodell for auren. Til det treng dei mellom anna meir informasjon om auren si livshistorie, bestandsstatus, vandringsåtferd og vandringsrutinar. (©NPK)