Cruiseskip på Gloppefjorden. Illustrasjonsfoto.

Sjeldan gjest på Gloppefjorden

Cruiseskipet «Artania» ankra opp på Gloppefjorden like etter kl. 18 søndag ettermiddag. 

Det blei med ein kort visitt denne gongen. Nokre overlandspassasjerar som kom med bussar frå Olden vart henta med småbåtar og tekne om bord på skipet, og klokka 19.15 drog det opp ankeret og la kursen ut att fjorden.

Dette er det første cruiseskipet som har vitja Gloppen på fleire år, og blir etter planen det einaste i år.