Siri Byrkjedal gler seg til konserten på Sandane.

Siri inviterer til singelslepp-konsert

Siri Byrkjedal inviterer til singelslepp-konsert på Lauget på Sandane i kveld. 



27-åringen har gått musikklinja på Firda, jazzlinje på folkehøgskule og har ein bachelor frå Norges Musikkhøgskule i Oslo. For tida held ho på å på å ta ein master ved konservatoriet i København.

Eige prosjekt

For å søkje på dette masterstudiet, måtte ho ha eit prosjekt å vise til.

– Eg kom inn på bakgrunn av eit plateprosjekt. Når eg er ferdig med masteren, har eg gjeve ut plata "Songs for a restless world". Eg har forhåpentlegvis begynt å lage nye låtar, slik at eg kan klare å leve av musikken. Det tek nok litt tid, men eg har ei god utdanning og mykje erfaring i botn, seier ho.

Singelen "Dark Cloud" er den første ho slepper frå soloplata. Under konserten på Lauget vil ho framføre musikk frå plata, men også nytt materiale.

– Det er kjekt å ha ein konsert på Sandane medan eg er her. Det er fint å kome heim og få vise kva eg held på med, slår ho fast.

 Lang togreise

Snart skal ho ut på ei to månader lang togreise i Europa for å spele konsertar og skrive ny musikk.

– Eg skal til London for å besøke broren min. Elles har eg lyst til å reise til Tyskland, Frankrike og Skottland. Eg vil prøve å teste ut om det er lurt å bruke tog når ein skal reise på turné, fortel ho.

Singelen og den nye plata blir gjevne ut på Koso i Oslo.

– Koso er eit kreativt kollektiv for kvinner som jobbar med film, kunst og kultur. Dei har også eit lite plateselskap. Eg er blitt ein del av dette kollektivet og gjev ut musikken min der. Det er herleg å jobbe i lag med nokon ein er på bølgjelengde med, seier Siri Byrkjedal.