Sogn og Fjordane musikkfond har gjeve støtte til Siri Byrkjedal sin turné.

Siri får støtte til turné


Sogn og Fjordane musikkfond (SOMU) er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar frå Sogn og Fjordane. I år kom det inn i alt 19 søknadar innan søknadsfristen i oktober, og det har vore ein tøff jobb for juryen å velje ut kven som får dele dei 125.000 kronene som fondet har til disposisjon.

Det blir gjeve turnéstøtte til Siri Byrkjedal og Håvard Øyrehagen, innspelingsstøtte til Line Dybedal, Frida Hunshammer, Slegest, Kråkebollane, Øyrehagen og I SEE RIVERS.

Siri Byrkjedal frå Sandane slepper debutplata si i januar 2020 på det Oslo-baserte plateselskapet KOSO. Gjennom konsertane sine ønskjer Siri å skape eit rom der folk kan møtast og kjenne på korleis det er å leve i ei individualistisk, splitta og usikker tid.

– SOMU er viktig for meg i mitt kreative yrke. Å få stønad frå SOMU gjev motivasjon til å skape noko i heimfylket. Det er også kjekt å kjenne på at ein har støtte frå heimtraktene i arbeidet ein gjer. Det er fantastisk at SOMU har tru på meg, seier Siri Byrkjedal.

Juryen i SOMO består av Kristin Sandal frå produksjonsselskapet OnCue Music Productions, Viggo Randal frå musikkfestivalen Utkant og artist og folkemusikar Britt Pernille Frøholm.