Bli med på ei nær og rørande forteljing med Sigrid Moldestad i Breim. Sjå programmet «Sigrid reddar folkemusikken – litt» tysdag 21.20 på NRK1 og i NRK TV. (Foto: Arne Stubhaug)

Sigrid vil redde musikken ho elskar

Eit gammalt forfalle hus er blitt ein lidenskap for Sigrid Moldestad. I to år har ho ofra både tid og pengar for å gjere Pederhuset i Breim til ein musikalsk møteplass. NRK har følgt ho gjennom oppturar og nedturar, og tysdag 11. desember kan du sjå programmet på NRK.

Sigrid Moldestad er ein av dei mest profilerte folkemusikarane i landet. Ho bur i dag i Bergen saman med dei to borna sine, men dei musikalske røtene har ho heime i Breim i Nordfjord.

Lærte felespel i nabohuset

Då Sigrid voks opp, hang det ei fele i annakvart hus i heimbygda. Sjølv byrja ho å spele då ho var 11 år gammal.

Men det er ei sorg for Sigrid at unge ikkje lenger bryr seg om folkemusikken. Musikken har gått i arv frå generasjon til generasjon, men ho er redd ho ikkje har nokon å gje arven vidare til.

Ein av læremeistrane til Sigrid var naboen Peder Råd. Det gamle huset har stått tomt i mange år, og det har gradvis forfalle. Hagen rundt har grodd att, akkurat som spora etter Peder Råd og mange andre store norske folkemusikarar.

Difor bestemte Sigrid seg for å setje i stand huset og fylle det med musikk. Her vil ho samle musikarar og ha konsertar. Her vil ho lære opp nye spelemenn- og kvinner.

Treng dugnad og pengar

Sidan Sigrid overtok Pederhuset for to år sidan, har ho drøymt om å opne dørene i desember 2018. Men ho greier det ikkje åleine. Ho treng økonomisk støtte, bygdefolk som vil jobbe dugnad og ein familie som trur på prosjektet hennar.

Men det som verkeleg står på spel for Sigrid er om ho klarer å få dei unge til å interessere seg for folkemusikken. Vil dei ha hardingfele og folkemusikk?

Kjem det nokon til Pederhuset som vil lære å spele fele på same måte som ho sjølv gjorde?