Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Kan få Edvard-pris

Sigrid Moldestad.

Kan få Edvard-pris

Sigrid Moldestad er blant dei nominerte til Tonos Edvard-pris.

Kanskje er det ekstra stas å bli nominert i år som TONO kan feire 20 år sidan prisen vart delt ut for første gong. Dette er også året då organisasjonen kan feire sitt 90-årsjubileum.

TONO er eigd og styrt av norske komponistar, låtskrivarar, songtekstforfattarar og musikkforlag. Og det har vanka prisar herifrå sidan 1998.

– Med Edvard-prisen ønsker TONO å skape auka merksemd om komponistar og tekstforfattarar og den nye musikken som blir skapt, heiter det i pressemeldinga.

Tidlegare har profilar som Odd Børretzen, Kjetil Bjerkestrand/Magne Furuholmen, Maja Ratkje, Egil Monn-Iversen, Øystein Sunde, Kari Bremnes, Susanne Sundfør, Ørjan Matre, Thea Hjelmeland, Lars Vaular, Marit Larsen og Susanna Wallumrød fått den fine prisen.

I år går prisutdelinga føre seg under ei lukka markering av Tonos 90-årsjubileum 27. november.

Her er dei nominerte til Edvard-prisen 2018:

Populær:

Broen – «I <3 art» (Album)

Sigrid Raabe og Martin Sjølie – «Don’t kill ny vibe» (Single)

Kristoffer Cezinando Karlsen & Ole Torjus Hofvind – «Noen ganger og andre» (Album)

 

Samtid:

Kristine Tjøgersen – «Mistérios do Corpo»

Håkon Berge – «Bare en stille som kaster meg ut i universet av ensomhet»

Jonas Skaarud – « (forthwith a change came over the waters) and the serenity became less briljant butt more profound»

 

Open:

Ola Kvernberg – «Steamdome» (Album)

Marius Neset – «Circle of chimes» (Album)

Sigrid Moldestad – «Vere her» (Album)

 

Utfordrar:

Espen Reinertsen – «Nattsyntese» (Album)

Ivan Ave – «Every Eye» (Album)

Fieh – «Glu» (Single)

 

Tekst:

Arif – «Meg og deg mot alle» (Album)

Marthe Wang – «Ut å se noko annet» (Album)

Levi Henriksen – «Verden av i går» (Album)

(©NPK)