Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Siger og tap for GHK

Runar Gåsemyr.

Siger og tap for GHK

GHK sitt herrelag slo Os på heimebane, medan damelaget tapte borte mot NHHI søndag. 

Herrane leia lenge komfortabelt, men ein sterk sluttspurt av Os gjorde at det blei spenning på slutten. Til slutt drog GHK i land sigeren med 29-28, etter at det stod 17-12 ved pause.

Runar Gåsemyr var mestscorande for heimelaget med tolv nettkjenningar.

GHK-damene fekk det som venta tøft mot NHHI i Bergen og tapte 37-16. Benedicte Kvellestad scora ni av glopparane sine mål.

Les meir om kampane i tysdagsavisa.