Shetland blir reisemålet i 2019

Lesarturen til Firda Tidend og Fjordane Travelnet Reisebyrå går i august 2019 til Shetland – øyane i vest som har tette band til Noreg og til nordmenn. Som kjentmann på turen får vi med oss Dag Lindebjerg, populær programleiar frå ei rekkje NRK-program om natur- og kystkultur.

Sidan vikingane inntok øyane for meir enn 1000 år sidan, har nordmenn segla fram og tilbake frå Shetland.

Tette band under krigen

Særskilt under den andre verdskrigen var banda tette, men det har budd folk på Shetland lenge før vikingane kom – heilt tilbake til 3000 år før Kristus. Ein kortversjon av denne historia er det Dag Lindebjerg ønskjer å formidle til dei som blir med på turen. Han vil vise reisefølgjet historiske stader, vi får helse på menneska, nyte naturen og smake på maten. Dei viktigaste plassane for nordmenn under krigen vil han også vise og løfte fram.

Tidspunktet for lesarturen er 24.-28. august.

Det blir avreise med buss frå rutebilstasjonen på Sandane om morgonen laurdag 24. august. Flyet frå Flesland går klokka 13.50 med ankomst Sumburgh klokka 14.05 lokal tid. Følgjet blir henta med buss på flyplassen og køyrd dei om lag 45 minutta til Lerwick. Deretter blir det innsjekking på Queens Hotel i den eldste delen av Lerwick, eit hotell i gamal engelsk stil. Før middag vil det bli tid til ein rusletur i sentrum.

Harald Hårfagre i 875

Søndag 25. august er sett av til ein rundtur nord på Shetland. Etter ein tidleg frukost reiser vi nordover til øya Unst, som lenge var den viktigaste øya på Shetland. Bygda Haraldsvik på Unst har fått namnet sitt fordi Harald Hårfagre kom seglande inn hit år 875. Haraldsvik vart den første staden i Storbritannia som vart erobra av ein norsk konge. Vi skal vitje Båthuset og museet i Haraldsvik. Om veret tillét det, tek vi også ein tur «til fjells» og får eit utsyn mot fyret på øya Muckle Flugga, det nordlegaste punktet i Storbritannia. Denne dagen får vi også høyre om Shetlands-Larsen og basen dei hadde på Lunna House under krigen.

Det vert felles lunsj undervegs, og på veg heim får vi servert verdas beste Fish’n Chips på Frankies Brea. Om kvelden serverer hotellet eit enklare måltid.

Museum og vakre øyar

Måndag 26. august er målet å bli betre kjende i «hovudstaden» Lerwick. Turen går først til Shetlandsmuseet, deretter vert det lunsj og meir tid til å sjå seg rundt. Dag Lindebjerg er med ei heil runde som lokalguide i sentrum. Om ettermiddagen vil det bli høve til å rusle litt på eiga hand. Det blir også felles middag på Shetland Hotel.

Etter frukost tysdag 27. august går turen sørover – til Sumburgh Head som ligg heilt på sørspissen av Shetland. Vi får sjå på det kjende fyret som ligg flott til på denne halvøya med klipper på begge sider. Vi skal også vitje ruinbyen Jarlshof, med restar av hus frå både steinalder og vikingtid. Vi tek turen til den utruleg vakre øya St. Ninian, øya med den kvite stranda, som bind øya og «fastlandet» saman. Om ettermiddagen reiser vi over til den «norske» byen Scalloway, der vi mellom anna finn museet for «Shetlandstrafikken» som var under den andre verdskrigen. Det blir lunsj undervegs og felles middag på Shetland Hotel i Lerwick.

Onsdag 28. august er det tid for heimreise.