SFE med rekordresultat

Sogn og Fjordane Energi leverer sitt beste resultat nokon gong med eit resultat etter skatt på 433 millionar kroner for 2019.

Konsernsjef Johannes Rauboti er svært godt nøgd med resultatet.

- Fjorårsresultatet er svært gledeleg. SFE er inne i ein periode med stor aktivitet og vekst, og då er det avgjerande viktig å ha eit solid økonomisk fundament, seier Rauboti i ei pressemelding.

Samtidig peikar han på den alvorlege situasjonen Covid-19 pandemien no har skapt.

- Vi ser at våre investeringar framover vert eit bidrag til sysselsetting og aktivitet. Det vert viktig for oss å halde framdrift, samtidig som vi tek vare på dei tilsette og sikrar økonomien i prosjekta, seier konsernsjefen.

Investeringane i 2019 var til saman på 623 millionar kroner. Selskapet har store vasskraftanlegg som Jølstra og Østerbø under bygging. I tillegg er det i 2019 investert 247 millionar kroner i nettanlegg for å styrke leveringstryggleiken og sørge for tilknyting av nye produksjonsanlegg og kundar.

Verdiendring kraftkontrakter

Ein viktig faktor til det gode resultatet er verdiauke på 95 millionar kroner på finansielle kraftkontrakter for framtidig levering. Dette er kontrakter som er inngått for å prissikre framtidig produksjon. Dette slår positivt ut på resultatet når kraftprisen i marknaden er redusert.

I 2019 var SFE sin kraftproduksjon 1 668 GWh. Dette er 327 GWh mindre enn i 2018. Spotprisen i  området var i 2019 på 38,0 øre pr kWh, dette var 4,4 øre lågare enn året før.

- Vi har utnytta fleksibiliteten i kraftverka ved å produsere på tidspunkt med høge prisar. Dette, saman med realisering av grøne meirverdiar, har gjort at vi oppnådde ei auka kraftinntekt på 59 millioner kroner. Det er vi godt fornøgd med, seier Johannes Rauboti.

Ber om fullmakt til å utsetje utbytet
Situasjonen i samband med Covid-19 pandemien gjer at styret ikkje vil tilrå for generalforsamlinga å gjere vedtak om utbyte no. Den usikre situasjonen for norsk næringsliv og den finansielle uroa, kombinert med eit kraftig fall i kraftprisane, gjer at styret vil be generalforsamlinga om ei fullmakt til å ta stilling til ei utbyteutbetaling på inntil 120 millionar kroner på hausten. Dette vil i så fall vere det høgste «ordinære» utbyttet frå SFE nokon gong.

- SFE er ei solid verksemd og det er viktig for oss å bidra med utbyte for dei offentlege eigarane våre. På same tid finn styret det rett i ein slik situasjon å vente med å ta stilling til utbyte for 2019, seier Rauboti.

Den urolege situasjonen grunna Covid-19 pandemien, saman med svært stor kraftprisnedgang, gjer at SFE ventar eit vesentleg lågare resultat i 2020 enn i 2019.