Heim   >   Nyhende   >   Set opp «Bienes historie»

Når «Bienes historie» blir teater er det i samarbeid med Den Norske Opera og Ballett og med musikk av Nils Bech. (Foto: Geir Skagen)

Set opp «Bienes historie»

Med skodespelarar frå Det norske Teateret og dansarar frå Den Norske Opera og Ballett skal bestseljaren til Maja Lunde, «Bienenes historie», bli teaterkunst.

Urpremieren vil finne stad hausten 2020.

– Dette er ei moglegheit vi har venta lenge på, seier teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret.

Han skal stå for regien, medan Nils Bech og Cina Espejord er ansvarlege for musikk og koreografi.

Lundes fekk den prestisjetunge Bokhandlerprisen for romanen i 2015. Boka er seld til over 40 land og vart den mest selde boka i Tyskland i 2017. Ho skal òg bli TV-serie.

«Bienes historie» følgjer det første forsøket til menneska på birøkting, via det industrielle landbruket og til ei imaginær framtid der biene er døde. Tematikken i botn er kor sårbare naturen og menneska er i ei tid der menneskeskapte klimaendringar får store konsekvensar.

(©NPK)