Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterer med ungdomsboka Sinne. Foto: Sara Berntsen

Set lys på jenter med ADHD




Forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterer med ungdomsromanen Sinne på Det Norske Samlaget. Ei bok som handlar om å vere ung med alt det inneber av skiftande kjensler, og samstundes ha ein diagnose som forsterkar uroa.


Det boblar og kokar inni 15 år gamle Synne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen, skriv Samlaget i si skildring av boka.


Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule. Sinne er hennar første bok.


(©NPK)