Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Sesongopning Astruptunet 2019 – «Gårdshagen»

Sesongopning Astruptunet 2019 – «Gårdshagen»

Onsdag er det sesongopning i Astruptunet med ny utstilling.

Nikolai Astrup har i heile sitt kunstnarskap hatt eit forhold til hagen. Frå «Vårnatt i hagen» heime i prestegarden, til  «Rabarbra og småpike på Sandalstrand». Fleire nykonserverte planteskisser, som aldri før har vore stilte ut, vert òg å sjå i utstillinga.

Landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen la hausten 2018 fram ein rapport på Nikolai Astrup sin gårdshage på Sandalstrand. I årets utstilling i Astruptunet vil vi vise delar av hennar arbeid, kombinert med originalverk av Astrup som omfattar hagemotiv med verk frå reisa frå prestegarden på Ålhus til Sandalstrand. Dette omfattar òg innlån av verk frå Astrupsamlinga ved KODE Bergen.

Utstillinga vert eit ledd i informasjonen om arbeidet som vil gå føre seg i hus og hage på tunet, der ein òg tenkjer at restaureringsarbeidet kan bli ein del av formidlinga.

Kuratorar: Avdelingsleiar ved Astruptunet, Solveig Berg Lofnes, og landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen.