Home   >   Nyhende   >   September-uvêr kosta 200 millionar

Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

September-uvêr kosta 200 millionar

Stormane «Knud» og «Helene» og dei store nedbørsmengdene som kom i Sør-Noreg i september, har kosta over 200 millionar kroner i erstatningar.

Det viser tal frå Finans Norge og Norsk Naturskadepool.

September var prega av mange periodar med ekstreme mengder regn og fleire stormar med orkan i kasta, særleg på Sør- og Vestlandet. Vest-Agder, Rogaland og Hordaland fekk flest flaumskadar.

– I forhold til september i fjor snakkar vi om langt over 400 prosents auke i registrerte naturskadar, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

– Samla sett er det ingen tvil om at Hordaland og Vest-Agder er dei to fylka som vart desidert hardast ramma.

På Vestlandet vart det sett fleire nedbørsrekordar, og Hordaland fekk òg dei dyraste skadane og dei største erstatningane.

Elles har stormen «Helene» åleine løyst ut erstatningar på anslagsvis 140 millionar kroner. I tillegg kjem vass-skadar relaterte til overflatevatn og skadar på bilar og båtar, som ikkje er inkluderte i desse tala.

Så langt i år er det registrert i alt 6.419 naturskadar til ein kostnad av 440 millionar kroner. (NPK)