Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Sentrumsvandring på Sandane

Sentrumsvandring på Sandane

Laurdag blir det sentrumsvandring i kommunesenteret i Gloppen. 

I august i år vart kulturminneplanen for Gloppen vedteken i kommunestyret. Medan planen var under utarbeiding, tok Gloppen Sogelag kontakt med Gloppen kommune med spørsmål om det var interesse for å skilte nokre av dei eldre bygningane i sentrum.

Svaret var positivt. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe der fire representantar frå sogelaget og ein frå kommunen var med. Gruppa har undervegs i prosessen hatt god kontakt med eigarane av bygningane. Dei har synt stor velvilje og interesse for prosjektet.

– Målet med å få opp desse skilta har vore å få større fokus på nokre av bygningane på Sandane. Det kan vere bygningar ein ofte går forbi, men knapt legg merke til. Fleire av desse bygningane fortener større fokus av fleire og ulike grunnar. Det kan vere på grunn av alder, på grunn av arkitektur eller på grunn av den funksjonen dei har hatt. Prosjektet omfattar både offentlege og private bygningar, skriv sogelaget i ei pressemelding og held fram:

– Gloppen Sogelag ser på dette som eit prøveprosjekt. Blir det vellukka, tenkjer vi at det kan gjerast liknande tiltak andre stader i kommunen og. På landsbylaurdagen 19. oktober inviterer vi til ei sentrumsvandring der ein ser på og fortel historia til dei bygningane som no er skilta. Sogelaget vonar mange nyttar høvet til å bli litt meir kjende med historia til nokre av bygningane i kommunesenteret.