Senterpartiet er uroleg for at mange lokalsamfunn har mist ambulansetilbodet sitt og vil lovfeste responstida for ambulansar i Noreg og maksimal reisetid til legevakt. Foto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB scanpix /NPK.

Senterpartiet mobiliserer mot sentralisering

Senterpartiet vedtok på landsmøtet i helga fleire fråsegner for å styrkje distrikta og motverke sentralisering.


Partiet vedtok mellom anna ein resolusjon om at høgare utdanning ikkje må sentraliserast.


I resolusjonen blir det vist til at regjeringa i år har pålagt fleire utdanningsinstitusjonar å vurdere studiestrukturen sin.


– Dette kan bety ei sterk sentralisering ved fleire av dei nye universiteta, heiter det i uttalen frå landsmøtet.


Partiet meiner det er viktig å halde oppe mindre studiestader og føreslår ei rekkje tiltak både for å ta vare på og vidareutvikle den desentraliserte strukturen innan forsking og høgare utdanning.



Krav til trafikkstasjonar og ambulanse

Landsmøtet vedtok også ein resolusjon om trafikkstasjonar i heile landet. Bakgrunnen er mellom anna planane til regjeringa om omorganisering av Statens vegvesen.


Partiet viser til at den noverande strukturen med trafikkstasjonar er vedteken av Stortinget. Dersom det bli aktuelt å kutte i talet på trafikkstasjonar, meiner partiet difor at dette først må stortingsbehandlast.


Senterpartiet er også uroa over at ambulansetilbodet er blitt dårlegare i distriktet.


– Fleire lokalsamfunn har i det siste mista ambulansetilbodet, og halvparten av kommunane i Noreg opplever brot på responstider for ambulanse, heiter det i uttalen frå landsmøtet.


For å bøte på dette vil Senterpartiet lovfeste responstida for ambulansar i heile Noreg og maksimal reisetid til legevakt.



Betre politidekning

Partiet er også kritiske til den såkalla nærpolitireforma som har ført til at 122 lensmannskontor er blitt lagde ned. Senterpartiet viser til at eit stort fleirtal av dei tilsette i politiet sjølve synest reforma har ført til eit dårlegare tilbod.


For å bøte på dette meiner Senterpartiet mellom anna at målet om at det skal vere to politifolk per 1000 innbyggjarar må kome heile landet til gode. Partiet meiner også at responstida til politiet må reduserast i heile landet og at det må takast omsyn til store areal når ein skal fordele politistillingar.



Uro for domstolsendring

Landsmøtedelegatane til Senterpartiet skal ifølgje Nationen også ha uttrykt sterkt uro for at ei omstilling av domstolane skal føre til kraftige kutt i talet på tingrettar og dermed sterkare sentralisering av rettssystemet.


Domstolskommisjonen skal ifølgje avisa levera den endelege rapporten sin om dette neste år, men allereie i haust er det venta ein førebels rapport. Det er lekkasjar frå dette arbeidet som har gjort Senterpartiet urolege. (©NPK)