Jesper Melin Ganc-Petersen. Arkivfoto.

Sende 300 roser, meld til politiet




Mangemillionæren Jesper Melin Ganc-Petersen er meld til politiet for truslar etter at han sende 300 roser og hjartekonfekt til ein journalist i samband med eit kritisk intervju journalisten hadde hatt med han, melder Dagens Næringsliv (DN).





Rosegåva kom anonymt heim til journalist Målfrid Bordvik i Dagens Medisin, som fort forstod at dette ikkje var frå ektemannen. «Takk for sist. Håper å se deg igjen snart … Kjære tanker, F» stod det på kortet som var med.





– Ubehageleg 





– 
Det var ubehageleg. Eg oppfatta at blomane var meint som ein trussel om
kva som kunne vente om eg skreiv meir om denne saka, seier journalisten i DN.





Dagens Medisin har i ein serie artiklar sett søkelyset på selskapa til Jesper Melin Ganc-Petersen, som har tent store pengar på betalingsterminalar på legekontora og inkasso av ubetalte legerekningar.





– Var spontant





Sjølv seier Melin Ganc-Petersen at det var
ein spøk.





  –
Dette var spontant frå mi side. Då eg hadde journalisten på besøk, var det så
hyggjeleg at eg sende henne 300 roser. Då ho melde meg til politiet var det
ikkje så moro lenger, seier han til DN.





Han erkjenner at det ikkje var så lurt, og understrekar at han har sagt unnskyld til journalisten.





Politiet har i etterkant lagt vekk saka sidan dei var usikre på om rosegåva ligg over grensa for kva som er straffbart, men påpeikar likevel at det var viktig å få registrert saka i tilfelle det kjem nye hendingar retta mot journalistane i Dagens Medisin.





Over grensa





Bordvik er ikkje imponert over at ho har
fått ei unnskyldning. Ho peikar på at den først kom fire månader etter gåva, i
samband med at Dagens Medisin hadde avgjort å lage sak om hendinga.





Redaktør Markus Moe i Dagens Medisin meiner det ikkje var ein overreaksjon å melde saka til politiet.





– Journalistar og redaktørar skal tole mykje, men direkte truslar skal ikkje aksepterast, og alle former for truslar skal meldast til politiet, skriv han til DN i ein e-post.