Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) saman med leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Semje i jordbruksoppgjeret

Inntektsskilnadene mellom bønder og andre går ned for første gong sidan 2013. Bondeorganisasjonane seier dei merkar at KrF sit i regjering.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har vorte samd med staten om ein jordbruksavtale for 2020. Avtalen vart presentert av landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) torsdag ettermiddag.

Avtalen har ei ramme på 1,24 milliardar kroner og legg til rette for ein inntektsvekst i jordbruket på 6,25 prosent, som vil ende på rundt 20.600 kroner. Det svarer til 600 kroner meir enn andre grupper i samfunnet.

Det er første gongen sidan 2013 at inntektsskilnadene mellom bønder og andre grupper blir reduserte.

– KrF avgjerande
– Vi har forhandla fram betre moglegheiter til å bruke jorda over heile landet. Skal vi få folk til å satse på landbruk er det prinsipielt viktig at inntektsskilnadene mellom bønder og andre grupper blir reduserte, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Han meiner det har vore avgjerande for inntektsutjamninga at KrF no sit i regjering.

– Når KrF tok over landbruksdepartementet var det store forventningar, fordi dei har sagt tydeleg at dei ønsker å vere ein landbruksgarantist. Det har vorte litt fokus på det partiet i jordbruksoppgjeret i år, nettopp fordi forventningane har vore så store, seier Bartnes til NTB.

Forventar kronemessig lik lønnsvekst
I oppgjeret er det semje om å etablere eit innovasjons- og vekstprogram for frukt, bær, grønsaker og poteter, jordbruksoppgjeret stimulerer til meir beiting i utmark og styrker ordningar til fordel for små og mellomstore bruk. Det har òg vorte gitt eit løft for kornprodusentane.

Avtalen er på 660 millionar kroner mindre enn det jordbruksorganisasjonane kravde, men leier i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, kallar oppgjøret eit vesentleg brekk, og ho gir òg Kristeleg Folkeparti noko av æra.

– Eg hadde håpt at vi skulle merke at KrF gjekk inn i regjeringa, og eg vil seie at vi òg har gjort det. Inngangent til KrF i regjeringa gjorde nok at vi fekk til det vi gjorde, med kronemessig lik inntektsvekst, seier Hoff til NTB.

– Det er forventninga òg neste år at vi får ein kronemessig lik inntektsvekst med andre næringar, held fram ho.

Senterpartiet: – Tettar ikkje inntektsgap
Stortingsrepresentant Geir Pollestad for Senterpartiet meiner jordbruksavtalen ikkje vil tette inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper, og minner om at bakteppet er at bøndene har vore gjennom to år med nedgang i inntektene.

– Eg forstår at jordbruket har signert avtalen, men Sp er skuffa over at det knapt blir merka at vi har gått frå ein landbruksminister frå Frp til ein landbruksminister frå KrF, seier Pollestad.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) seier til NTB at ho uansett ikkje hadde venta seg skryt frå Senterpartiet.

– Eg er mest opptatt av at bøndene er fornøgde sjølv, meir enn at Senterpartiet er fornøgd. Vi har gjort det vi har sagt, vi har vore opptatt av små, mellomstore og store bruk. Vi har vore opptatt av å dekke inn inntektsgapet som har vore, og har lagt til rette for produksjon på nye måtar, seier Bollestad.