Arkivbilete.

– Saueeigar er totalt utan skuld

– Denne saka er i ferd med å bli ei vesentleg belastning også for saueeigar. Vedkomande har det ikkje godt, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Saka om hunden som drap ein sau i Gloppen tidleg i haust og som er vedteken avliva, har fått svært mykje merksemd. Mange skuldar eigar av den drepne sauen for å krevje avliving, men bonden har meldt frå om eit forhold, og så har politiet rutinemessig oppretta ei forvaltningssak. No meiner bondelagsleiaren det heile har gått alt for langt.

– Må oppføre seg

– Saueeigar får køyrd seg i alle medium, kommentarfelt og gjennom tekstmeldingar. Folk må ta til å oppføre seg ordentleg, det er ei oppmoding til alle. Vi skal hugse at saueeigar er heilt utan skuld. Det er på tide lokalsamfunnet stiller opp og er tydeleg på at dette ikkje er akseptabelt, seier Anders Felde.

Han minner om fakta i saka.

– Sauen er daud etter å ha blitt avliva av hunden. Den som er ansvarleg for hunden har eit fordømt ansvar for å passe på at slike ting ikkje skjer.

– Skal handheve eit lovverk

Felde reagerer også på korleis politiet sitt arbeid blir omtala.

– Det er uheldig at dei får så mykje pes som dei får. Dei er sette til å handheve eit lovverk. Viss ein er misnøgd med lovverket, må ein arbeide mot styremaktene for å få det endra. Det er den vegen ein må gå, ikkje kritisere dei som gjer jobben sin, understrekar bondelagsleiaren.

Han minner samstundes om konsekvensane av ei lovendring som svekker hundeeigar sitt ansvar:

– Då får vi eit kjempeproblem i forhold til dyr i utmark.