Illustrasjonsfoto: Berit Keilen/NTB scanpix/NPK.

Saue- og geitebønder vil ha meir

Organisasjonen Norsk Sau og Geit krev rundt 300 millionar kroner i auka tilskot til saue- og geitebønder og vil ikkje omfordele eller vri på tilskota, skriv Nationen.


I innspelet til jordbruksoppgjeret går Norsk Sau og Geit (NSG) inn for kraftig auke i mange av tilskota til saue- og geitebønder.


Dei meiner inntektene til sauebøndene ifølgje referansebrukutrekningane ligg langt under gjennomsnittet i jordbruket etter tre til fire år med ubalanse i marknaden og sterkt fallande prisar.


– No byrjar vi derimot å sjå lys i tunnelen. Sjølv om ein framleis slit med sauene, så viser prognosane at det nesten er underdekning på lam. Ein del bønder har slutta, og vi meiner det no er rett tidspunkt å gi eit løft, seier leiar i NSG, Kjell Erik Berntsen, til Nationen.


I innspelet har dei ikkje rekna ut kor mykje alle tilskotsendringane vil utgjere, men ein gjennomgang Nationen har gjort tyder på at det minst er snakk om 300 millionar kroner i auke til saman for småfenæringa. Det trur Berntsen kan stemme. (©NPK)