Terese Egge-Lødemel held butikken Jaktdamer open under Sandane-dagane.

Satsar på jaktkle til kvinner

Då Terese Egge-Lødemel starta å jakte i 2012, fann ho ikkje eigna jaktkle til kvinner. Det ønskte ho å gjere noko med og starta butikken Jaktdamer i 2014. 

Butikken er i hovudsak ein nettbutikk, men ho reiser òg rundt i landet på forskjellige messer. Lageret til Jaktdamer ligg i Firdavegen på Sandane, og vil bli opna for utsal under Sandane-dagane.

Aukande etterspurnad

Egge-Lødemel har merka ein tydeleg auke av kvinner på jakt dei siste åra. Ho starta i det små, men med aukande etterspurnad har sortimentet òg auka. Jaktdamer var og er den einaste butikken med jaktkle for berre kvinner i Noreg. Butikken blei etter kvart for stor til at ho kunne ha lageret heime, og ho flytta det då til eit lokale i sentrum.

– Eg sel til kundar i heile landet, frå nord til sør, og eg har fem ambassadørar som reklamerer for meg. Eg fekk akkurat delta i Camp villmark. Det var kjekt å vere med på, seier ho.

Ho forklarer at den aukande etterspurnaden set større krav både til tilbod og pris, noko som fører til ein betre marknad.

Diverse utstyr

– I butikken min har eg jakt- og fritidskle, caps og kniv, samt anna utstyr ein treng på jakt. Eg tek inn varer av fleire merke, til dømes er eg den einaste i landet som tek inn varer frå det australske merket Girls with guns. Eg produserer også eigne luer og panneband, fortel ho.

I tillegg til å drive eigen nettbutikk, er ho assisterande butikksjef for Joker Sandane. Ho fortel at det blir mykje kvelds- og helgejobbing, noko som både er travelt og kjekt, tykkjer ho.

I fjor reiste ho på mellom ti og femten messer.

Blir meir synleg

Terese Egge-Lødemel har budd i Breim i nesten ti år, og er no busett på Egge. Ho opnar gjerne butikken etter avtale dersom nokon ønskjer å prøve kle i fred og ro.

– Eg har landa der eg har lyst til å vere, eg er blitt såpass synleg at eg ikkje treng å reise like mykje for å få selje. Sandane-dagane er eit fint høve til å vise betre att på Sandane. Eg vil likevel ikkje stoppe her, eg ønskjer å bli endå større, fortel ho.

Ho heldt til dømes butikken open før jul, og fekk selt ei rekkje julegåver. Under Sandane-dagane held ho ope frå fredag til søndag, og håpar mange tek turen innom.