Peisestova er eitt av dei mange romma direktør Preben Moen og Gloppen Hotell skal pusse opp i løpet av vinteren.

Satsar mange millionar på oppussing av Gloppen Hotell

– Detaljane er ikkje klare enno, men vi reknar med å bruke fem-seks millionar kroner på oppussing for å kunne møte konkurransen frå hotella kring oss, seier hotelldirektør Preben Moen.

I fleire år har pilene peika oppover for det tradisjonsrike og særprega hotellet på Sandane. Etter eit svært godt fjorår, og utsikter til ytterlegare vekst dette året, meiner den unge hotelldirektøren tida er inne for å satse på oppgraderingar og standardheving.

– Framtidsretta

– Dette er noko eg har tenkt på og hatt lyst til å gjere lenge. Det er ei framtidsretta satsing for å kunne konkurrere med dei mange kjedehotella som satsar knallhardt på marknadsføring og sal. Vi har ikkje råd til å ha fire personar som driv berre med dette, og må vere best på andre ting, seier Preben Moen.

I den koselege peisestova skal taket målast kvitt, men dei originale, ubehandla tømmerveggane skal behaldast som dei er.

– Veggane skal vaskast grundig med grønsåpe, og tregolvet skal slipast.

I stovene, som stort sett har vore urøyvde sidan den delen vart bygd til i 1925, skal tak og veggar målast.

– Det blir kvitt tak og kvite veggar med raude lister. I tillegg skal golvet slipast og vi skal inn med nye lampar, seier Moen og går vidare inn i fiskesalongen:

– Også her skal vi slipe golvet, i tillegg til at vi skal ha nytt panel på veggane.

Les meir i papirutgåva onsdag.