Sara Thingnes Kandal (19) har ein annleis sommarjobb. Ho bur på Myklandsstøylen heile sommaren og tek imot turistar frå heile verda.

Sara (19) bur på stølen og tek imot turistar frå heile verda

Stølslivet har alltid vore ein naturleg del av kvardagen til Sara Thingnes Kandal. I år har ho ein annleis sommarjobb, ho bur på stølen og tek imot turistar frå heile verda.


Sølvane gard har leigd ut hus i Kandal gjennom Air bnb tidlegare, og har no teke til å leige ut sel på Myklandsstøylen. Torstein Kollevåg ønska ei ekte budeie til å ta imot gjestene, det passa godt for Sara Thingnes Kandal.

Har passa geitene

– Kvar sommar bur eg og familien min på stølen i seks til sju veker. Vi mjølkar geitene der to gonger kvar dag heile sommaren, det har vi gjort så lenge eg kan hugse. Sidan eg alltid har budd der, veit eg mykje om korleis det er og kva ein kan gjere elles i Kandal. Såleis passa det godt at eg tok på meg denne jobben, sidan eg allereie bur på stølen, forklarer ho.

Tidlegare var tolv sel i drift på stølen. Då ho var lita var det åtte, no er det berre to gardar att som nyttar stølen til mjølkeproduksjon. Målet med å leige ut sel er å få opp att interessa rundt dei.

– Stølsdrifta har stor personleg verdi for meg. Heile stølslivet er favorittida på året, og favorittstaden min å vere, seier 19-åringen.

Gjester frå heile verda

– Sølvane gard leiger ut tre sel på stølen, med to til fire sengeplassar. Eitt sel er leigd ut nesten heile juli, medan dei andre har nokre netter ledige. Gjestene kjem frå mellom anna USA, fleire stader i Noreg, Japan og Kina, og blir verande i stort sett to til sju dagar.

Ho forklarer at mobildekninga er dårleg mellom stølen og Sølvane gard, og det tek tid å køyre. Såleis er det enklare for gjestene å ha Sara på stølen dei kan spørje om hjelp.

Skal ta imot og rettleie

Turistar kjem til Kandal frå heile verda, og Thingnes Kandal si oppgåve er å forklare dei vegen fram. Når dei er komne til Myklandsstøylen skal ho ta imot dei og fortelje dei reglar om opphaldet og vise dei rundt på stølen.

– Mange veit ikkje kva dei går til, og må lære korleis mykje fungerer. Til dømes skal eg forklare dei om vasking og lufting, korleis ein nyttar gass, og korleis ein utedo fungerer, fortel ho.

Turistane får nytte opphaldet slik dei ønskjer, jobben til Sara Thingnes Kandal er å leggje til rette for at det blir ei god oppleving.

– Mange blir imponerte

Gjestene i sela kan legge opp dagane slik dei vil, anten dei ønskjer eit aktivt stølsliv eller avslapping.

– Vi legg ikkje opp program for dei, men stiller på der dei ønskjer. Dei kan få leige kajakk på vatnet, fiske i dalen, ein kan bade, og somme har dykka. Mange vel å gå på fjelltur, eller reise til Sandane. For mange er det spennande å få sjå fjøsstellet, og tykkjer det er fint at dyra går fritt rundt på stølen. Der har vi òg frittgåande høner, såleis kan ein finne egg rundt sela. Mange blir imponerte over det dei får sjå, fortel ho.

– Kjekt å møte folk

Sara Thingnes Kandal har ikkje hatt nokon slik sommarjobb tidlegare, men stølslivet er ho god på. Ho fortel at det alltid har vore turistar innom stølen om somrane, men det har ikkje vore arrangerte opplegg slik det er denne gongen.

– Det er kjekt å få møte folk frå heile verda, og sjå reaksjonane deira, særleg når det ikkje er slik dei ventar. Eg trur den dårlege dekninga kan bli ei utfordring. Det kan vere vanskeleg å finne vegen til stølen, og ikkje alle sjekkar ruta godt nok før dei reiser. Særleg mellom Kandal og Myklandsstøylen kan det vere vanskeleg å få kontakt, og ikkje alle veit korleis bomvegar fungerer. Det kan bli nokre timar å vente på turistane, men det skal gå bra, smiler ho.

Budeie er blitt eksotisk

For Thingnes Kandal er det heilt naturleg å leve heile sommaren på stølen utan mobildekning og elektrisitet.

– Eg har alltid hatt det slik, for meg er det normalt. Eg meiner det er bra at vi ikkje kan vere avhengige av mobil og straum. Tidlegare hadde vi heller ikkje vatn, og måtte gå i elva å hente. Det var tungvint for ein familie på seks, no har vi fått innlagt vatn. På dagtid reiser vi heim, der har vi ein gard vi må stelle, men vi søv på stølen og er der heile helgane.

For nokre svært få generasjonar sidan var budeier vanlege. No er det blitt eksotisk, og mange forstår ikkje korleis ein kan leve slik, seier ho.

Sara Thingnes Kandal vart i vår ferdig ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand, og skal vidare til Hedmarktoppen for å bli lærar på barnetrinnet. Etter dette vil ho tilbake til Kandal.

Ho ser ikkje føre seg nokon annan stad å bu.