Kunnskapsminister Jan Tore Sanner uttrykte vilje til å få på plass paralell tilgang på læremiddel, både på nynorsk og bokmål.

Sanner ville ha måldugnad

Kunnskaps og integreringsminister Jan Tore Sanner var fredag invitert til Noregs Mållag sitt landsmøte i Vinje for å snakke om språkpolitikk, med vekt på tilgang til læremiddel på begge målformer i grunnskulen.

- Hadde nokon sagt til meg, då eg i ungdommen melde meg inn i Bærum Høgre, at eg ein fredagskveld mange år seinare skulle stå på talarstolen til Noregs Mållag, hadde eg sagt at dei hadde starta festen for tidleg, sa statsråden då han møtte eit rekordstort landsmøte.

Språk er nøkkelen

Sanner opna med å seie at han tykte det var interessant å registrere at nynorsk journalistikk blir rekna som ei motmakt mot det etablerte og mot maktapparatet.

-Eg ser at det kan vere spenningar mellom nynorsk og bokmål i landet, men eg ser på desse konfliktene som gammaldagse, sa statsråden som var både stolt og glad for språkprisen som Høgre sin generalsekretær, John-Ragnar Aarset fekk frå Nynorsk Kultursentrum for nokre dagar sidan.

Sanner var også klar på at rekna språk som ein nøkkel i si rolle som minister.

-Språk er nøkkelen inn til arbeidslivet, i arbeidslivet og til integrering. Språkleg mangfald er ein rikdom for landet, var bodskapen.

Ubalanse mellom liv og lære.

Jan Tore Sanner vedgjekk heilt utan press at språkleg jamstilling er lovfesta, men at realiteten ofte er ein annan.

-Elevane i grunnskulen skal sjølvsagt ha god språkkompetanse, både når det gjeld lesing og skriving. Vi treng ikkje ein skule som lærer elevane å google, men ein skule som lærer dei å stille spørsmål, sa ministeren som inviterte til ein nasjonal dugnad for å sikre lik tilgang på læremiddel på både nynorsk og bokmål.

-Vi har støtteordningar for paralellordningar og vi kjem til å arbeide aktivt overfor dei som lagar læremiddel, mot fylkeskommunar, kommunar og skular. Det er heilt klart for få læringsressursar på nynorsk, og vi treng Noregs Mållag som kan utfordre oss, proklamerte minsteren før eit knippe utsendingar fekk sleppe til for å stille spårsmål og stille krav.

Kampanje for lik tilgang

Noregs Mållag lanserte under landsmøtet ein kampanje som går på å få på plass lik, målmessig tilgang når det gjeld  læremiddel i grunnskulen, spesielt det som handlar om digitale plattformer.

-Dette treng vi hjelp til, sa leiar i mållaget, Magne Aasbrenn. Sanner fekk også spørsmål om når det kjem betre nynorskopplæring for lærarstudentar og han fekk også beskjed om å ta tilbake kontrollen over læremidla

-Ikkje overlat den til programleverandørane, fekk han beskjed om.

Ministeren tok signala og han uttrykte vilje til å gjere noko med problema

-Det er ikkje greit at reglane om læremiddel på begge målformer ikkje blir følgde. Det skal vere parallell tilgang til både digitale og analoge plattformer. Mi oppgåve er å tydeleggjere reglane som gjeld, vi må bruke forbrukarmakt for å presse fram dette, avslutta statsråden til applaus frå salen.



 

 

-Dette ser vi på som ein lovnad, sa mållagsleiar Magne Aasbrenn etter at Jan Tore Sanner hadde lova å gjere noko med manglande paralell tilgang på lærebøker på begge målformer.