Illustrasjonsfoto: Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix.

Sandberg vil laksedøyinga til livs

Kampen mot laksedød er jobb nummer éin, sa fiskeriminister Per Sandberg (Frp) då han møtte næring, forskarar og forvalting til møte om det store svinnet i oppdrettsnæringa.


Ifølgje tal frå Fiskeridirektoratet døydde 53 millionar laks i merdane i 2017, mange av dei i samband med avlusing. Størst er problemet på Vestlandet der døyingsraten i fjor var på rundt 20 prosent i alle dei fire fylka.


– Vi ser at dette ikkje er akseptabelt, seier fiskeriminister Per Sandberg til Fiskeribladet.


Sandberg seier laksedøyinga no står heilt øvst på dagsordenen i departementet. Dyrvelferda er ein ting, men døyinga utgjer òg eit stort økonomisk tap for oppdrettarane. Om problemet blir løyst, vil det dermed vere bra for både laksen, oppdrettarane og omdømmet til laksenæring.


Tysdag møtte Sandberg representantar for Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Sjømat Norge, Norsk Industri, Havforskingsinstituttet, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Fiskeridirektoratet i Oslo for å finne løysingar på problemet.


Blant forslaga som kom opp, var nye retningslinjer om avlusing av fisk som frå før er svekt av sjukdom og ønske om eit styrkt førebyggings- og kontrollarbeid slik at ein i størst mogleg grad kan unngå behandlingstiltak mot lus.


– Det viktigaste for oss i næringa er å utvikle ein beste praksis og korleis vi kan dele kunnskap. Vi har gått i rett retning, og det er mykje å gå på, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge til Fiskeribladet.


Ifølgje fiskeriavisa Intrafish har Sandberg ingen planar om å lage nye reglar om å redusere produksjonsmengda der døyinga blir for høg. Han viser til trafikklyssystemet og høvet Mattilsynet har til å innføre tiltak som gode system. (©NPK)