Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Sandane ute av Norway cup

Årets Norway cup er over for gutane frå Sandane.

Sandane ute av Norway cup

Sandane sitt G14-lag måtte sjå seg slått av Vålerenga fotball rekrutt i 1/16-dels finalen i B-sluttspelet i Norway cup. Det stod uavgjort etter ordinær tid, og kampen gjekk til straffesparkkonkurranse. Der vart resultatet 5-6 i favør Vålerenga, og Sandane er med det slått ut av årets Norway cup.