Mads Wie scora begge måla til Sandane

Sandane sterkast i lokaloppgjeret mot Jølster

Det vart eit spennande og jamt oppgjer mellom Sandane og Jølster i Sandane Idrettspark fredag kveld.



Fredag kveld fekk publikum vere med på eit spennande og jamt lokaloppgjer mellom STIL og Jølster. Kampen enda 2-1 der Mads Wie kvitterte ut begge måla for Sandane.

Lokaloppgjer mellom STIL og Jølster brukar å ha høg temperatur, og fredagens kamp baud på både fart og spenning. Allereie 12 minutt ut i første omgang scora Mads Wie.  Same mann la på til 2-0 like før pause.

Sjanserikt

Første omgang var Sandane sin, medan andre omgang vart jamnare. Jølster spelte seg til fleire store sjansar laget burde ha scora på. Den einaste som lukkast var Trond Vegard Ripe knapt ti minutt før full tid.

For Sandane, som har opprykksambisjonar, var det positivt å innkassere ein siger igjen etter to tap og berre uavgjort mot botnlaget, men i eit opppgjer prega av mange feilpasningar og harde duellar, varma poenga mest.

Søndag første juli møter STIL-herrane Stryn 2.