STIL opnar haustsesongen for herrane i femtedivisjon. (Arkivfoto)

Sandane opnar haustsesongen

Torsdag 1. august blir den første kampen i 5. divisjon fotball for herrar spelt etter ferien. Sandane opnar haustsesongen på heimebane når dei møter Skavøypoll.

Med ein sjetteplass på tabellen kan det bli ein utfordrande kamp når det unge STIL-laget møter laget på andreplass, Skavøypoll. Likevel har Sandane fleire scoringar i vårsesongen enn gjestene. Førre kamp mellom dei to laga var jamn, og enda med 3-2 til Skavøypoll.

STIL-herrane har hatt noko utskifting i spelarstallen over sommaren, og planen då vårsesongen enda var å ta ein kort ferie før treninga starta att. Torsdag er dei klare for ei ny serierunde.