Håvard Myklebust Hauge set inn Sandane si viktige 3-1 scoring.

Sandane er i flytsona - sende Balestrand heim med tap

Sandane har framleis ikkje gjeve frå seg poeng i årets serie. I dag måtte Balestrand reise heim utan poeng.



Sandane cruisar vidare. No har laget spelt fem kampar på rad utan å gje frå seg poeng. Ingen kan klage på seriestarten denne sesongen. No er Sandane på andreplass på tabellen med Syril på topp med like mange poeng etter like mange kampar utan tap.

Jamt

Første omgang var jamspelt. Balestrand scora først ved Marius Aarseth etter 16 minutt, men Sandane gjekk rett frå avspark og scora ved Mads Wie.

Utover i omgangen skjedde ikkje særleg mykje, men i det 47. minutt fekk det fåtallige publikum sjå det som kanskje var dagens finaste prestasjon. Håvard Hauge la inn til Mads Wie som vende vekk ein motspelar og sette ballen kontrollert til side for målvakta. Dermed gjekk Sandane til pause med eit psykologisk og resultatmessig overtak.

Kontroll

Andre omgang vart Sandane sin. Heimelaget var godt organisert i forsvar og farlege framover og la på til 3-1 ved Håvard Hauge i det 64. minutt, og Abraham Johnny fastsette sluttresultatet til 4-1 fire-fem minutt før full tid.

-I den varmen som var, var det vanskeleg å halde fokus, seier lagkaptein og sikker siste skanse, Simon Andre Gimmestad og konstaterer at det vart ein krigekamp der Sandane var for passive i første omgang.

-I andre omgang var vi samde om drepe kampen med scoring i løpet av dei føste 20 minutta, fortel han. Det gjorde laget.

-Vi er i flytsona og får med oss poenga også i jamne kampar, seier han.